Shopping Cart
Your Cart is Empty
Quantity:
Subtotal
Taxes
Shipping
Total
There was an error with PayPalClick here to try again
CelebrateThank you for your business!You should be receiving an order confirmation from Paypal shortly.Exit Shopping Cart

Hei !


Eg er fødd og oppvaksen på ein vestlandsgard i vakre og fiskerike Guddal i Sunnfjord.


Jakt, fiske og friluftsliv har alltid vore min store lidenskap.  

Alta 2008

Fram til 1984 var eg på det norske maraton- landslaget.

I 1978 sette eg 2 norske rekordar. Dei var gjeldande i 36 år fram til oktober 2014.


Sidan 1988 har eg hatt ein inspirerande jobb som rektor ved Guddal skule og barnehage.


Frå 1989 har eg vore styremedlem i Norges jeger- og fiskerforbund. Totalt i 19 år. Der låg opplæring innan jakt, fiske og friluftsliv og utvikling av barne- og ungdomsarbeidet mitt hjarte nærmast.


Eg har vore fylkesinstruktør i jegerprøva i Sogn og Fjordane frå 1995 - 2014. Frå 2010 har eg vore regionsinstruktør i jegerprøva i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det betyr at eg har ansvaret for utdanning og oppfølging av lokale jegerprøveinstruktørar i desse fylka.


Frå 1989-2004 hadde eg gleda av å leie dei årvisse samlingane på Sunnfjord Hotel med jakt- og fisketema der grunneigarar, kommunar, lokale jakt- og fiskelag og fylkesmannen deltok. Skal vi utvikle jakt- og fiskeforvaltninga, må vi samarbeide.

Eg er også oppteken av bygdeutvikling og forvaltar-ansvaret vi som menneske har.

For meg er det viktig å målbere eit positivt syn på framtida.


Eg set stor pris på personar som gjere ein innsats for andre og brenn for det dei trur på. Det skjer alltid noko positivt rundt eldsjelene.


Eg reiser ein god del og held kurs i:


-Organisasjonsutvikling

-Sportsfiske

-Fiskekultivering

-Jegeropplæring


Eg får energi av nye utfordringar og når eg formidler kunnskap.


Eg trivst best med litt motvind i håret og når eg er i aktivitet.


Eg liker å danse.


Våren 2009 starta eg opp Huseklepp Fiskeskule og butikk på heimegarden i Guddalen. Eg har m.a. eigen kastedam for opplæring og testing av utstyr før du handler.


Eg har også starta opp att produksjonen av Vaula-flugene og Bergheim-sluken.


Til jul i 2009 var eg klar med det nye anlegget der Bjarne sin Røykelaks skal produserast.


Vil du vite meir om det eg har drive med, kan du søke på namnet mitt på http://www.google.no/

Bjarne Huseklepp

Mob. +4747606240

E-post: [email protected]

Heimeside: www.bjarnehuseklepp.com

Havfiske på Sørøya i 2008

var ei ny og spennande oppleving.