Shopping Cart
Your Cart is Empty
Quantity:
Subtotal
Taxes
Shipping
Total
There was an error with PayPalClick here to try again
CelebrateThank you for your business!You should be receiving an order confirmation from Paypal shortly.Exit Shopping Cart

Oppdatert: 03.07.2014

Velkommen til vakre og fiskerike Guddalen

På denne sida har eg lagt ut ein del bilete frå Guddalsvassdraget ovanfor lakseførande strekning.


Bitevilling ørret saman med god opplæring har så langt resultert i "ørret-på-land" på alle kursa mine.


Rekorden på 6 personar og 3 t. fiske er 82 ørret.

Beste resultat på ein person og 3 t. fiske er 27 ørret.


Under slike forhold får du mengdetrening i å få ørreten til å bite og korleis du handterer landinga.


Den største som er fanga på kurs, er 1,750 kg.

Over: Ein ny fiskar venter på sin første flugefiska ørret. Eg er med og rettleier korleis fluga skal plasserast, korleis du skal styre taumen og korleis du skal ta fisken inn etter tilslaget.

Stor sjanse for å få fisk !

Over:

Så langt har alle deltakarane fått fisk på mine kurs. Dette er ingen garanti, men svært nær.

For meg er det viktig å lære andre korleis ein gjennomfører fisket og korleis ein får ørreten til å bite. Med mange bitevillige i elva, får du som kursdeltakar mengdetrening i å fiske ørret. Guddalen har unike forhold for å oppleve dette. Fangsten på biletet over er svært god, fisketid nesten 3 timar.

Over:

Ørreten vaker og fine fiskeforhold.

Fint elevparti for opplæring. Kan vadast i midten og fiskast til begge sider. Ryddige forhold og liten fare for at fluga fester seg i vegitasjon bak fiskaren.

Lita vassføring på dette biletet.

Over:

Same bilete, men med medels vassføring.

Over:

Fin straum for nymfe og våtflugefiske. Kvelden er ei god fisketid.

Over:

Elveparti med fin straum for flugefiske. Kan fiskast frå land utan vading i elva.

Over:

Fint elveparti for vadefiske og Spey-kasting.

Over:

Godt elveparti for m.a. Spey-kasting.

Såg det spennandes ut ?


Ring: 47606240