Bestilling av Bjarne Sin Røykelaks
Mobil: +4747606240 - Epost: [email protected]
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -
Sist oppdatert 16.01.2023
Bestilling av Bjarne Sin Røykelaks
Mobil: +4747606240 - Epost: [email protected]
- Foretaksregisteret NO 950583371 MVA -
Sist oppdatert 16.01.2023
Smaken av kvalitet !
Slik bestiller du
Bjarne sin Røykelaks
til Påska 2023.
Til store dager, bryllaup, konfirmasjonar
og julehøgtid.
1. Ring meg på 47606240
2. Send melding på messenger på min Fb-profil
med opplysningar om:
Namn:
Leveringsadresse:
Ditt mobilnummer:
Antall kg:
Produksjonen min vert dokumentert og er godkjend av Mattilsynet.
Den milde smaken og gode konsistensen bygger på 100-årige, lokale røyketradisjonar.
Fint salt, litt sukker og røyk av tørka or og einer gjev alltid ei god smaksoppleving.
Laksen vert røykt i den over 300 år gamle jordkjellaren på Ytre Huseklepp.
Produksjonsprosessen tek ei veke frå frosen laks til ferdigpakka røykelaks.
Røykelaksen har ein møyr og fin konsistens med rund og velbalansert ettersmak.
Minste bestilling er 1 side - ca. 2 kg.
Gjeldande prisar:
Minste bestilling er 1 side ca. 2,0 kg.
Laksen eg kjøper inn har har stige mykje i pris den siste tida.
Kr. 499,- pr. kg. for beinfri, vakumpakka røyke- og spekelaks av Superior oppdrettslaks.
Kr. 692,- pr. kg. for garantert stongfiska villaks,
beinfri og vakumpakka.
(Først til mølla)
Kr. 100,- for 5 vakumpakka og serveringsklare lambetunger
Pris for å røyke laks for andre:
Kr. 450,- pr. stk. heil sløygd laks.
Kr. 850,- pr. stk. rund fersk/frosen laks
Kr. 100,- pr. side ferdig salta av kunde
Kr. 15,- pr. vakumpakning
Fryselagring av laks for kunde:
Kr. 75,- pr. laks fryselagra over 2 mnd.
Levering:
- Avsender pr. post inntil 10 kg kr. 190,-
- Utkøyring/levering i nærområdet:
Leirvik, Dale og Førde kr. 90,-
Smaken Av Kvalitet !
1. Målet mitt er å lage den beste røyke- og spekelaksen som finst !
2. Målet mitt er at du som kunde skal vere fornøgd med laksen min
3. Målet mitt er at gjestane dine skal oppleve at du som vertskap
serverer det aller beste dei kan få av røyke- og spekelaks !
Sikre- og gode tips om oppbevaring og bruk
av Bjarne Sin Røykelaks og Spekelaks
1. Når du har motteke Bjarne Sin Røykelaks/Spekelaks ,
oppbevarer du den best i frys på minimum – 20 grader til du skal bruke den.
Laksen held seg svært godt i frys, men er best før 8 mnd.
2. Når du skal bruke laksen, tek du den opp av frysen vel 4 timar før bruk, eller legg den i kjøleskåp kvelden før.
3. Det ligg alltid litt fuktigheit rundt laksen etter opptining og
opning av vakumposen.
Rull laksestykket inn i godt tørkepapir etter opptining.
4. Oppbevar aldri tina laks direkte i plastpose, men legg den
i godt og fast tørke- eller matpapir og oppbevar den i kjøleskåp ved ca. + 4 grader i. Laksen er best, om den ikkje ligg lenger enn
4 dager i kjøleskåp etter at vakumposen er opna.
Du kan og henge laksen på ein luftig stad og speke den ekstra i
3-4 dager.
Nyt laksen, og send meg gjerne ei kort tilbakemelding om
korleis du likte den.
Spesialkniv til oppskjering av røykelaks:
Eg har inngått avtale med Helle Knivfabrikk A/S om levering av kniven, Helle Steinbit, med heilt spesielt sliping av eggen.
Dette gjer kniven skarp og godt eigna i samband med oppskjering av røykelaksen.
Eg kan og nemne at dette er kniven eg tek med meg på tur.
Den kniven dekkjer mine behov ved oppskjering av brød, pølser og sløying av fisk.
Kr. 999 ,-
Kniven vert levert med praktisk og stilrein slire.
Skulle du trenge meir informasjon, ring meg på:
Mob. 47606240.