Shopping Cart
Your Cart is Empty
Quantity:
Subtotal
Taxes
Shipping
Total
There was an error with PayPalClick here to try again
CelebrateThank you for your business!You should be receiving an order confirmation from Paypal shortly.Exit Shopping Cart

Demo - oppvisning !

Målet er å motivere- og hjelpe til slik at fleire får lyst til å prøve seg som flugefiskar.


Målet med oppvisninga er også å syne kor enkelt flugefiske kan vere når utstyret er rett samansett.


Dette tilbodet passer for enkeltpersonar, grupper og bedrifter som vil sjå ein profesjonell instruktør i aksjon.


Det passer godt for personar som vil oppleve flugefiske på nært hald.


Har du gjester på besøk, er denne oppvisninga eit godt, lokalt opplevingstilbod.


Skulle du vere i tvil om du vil delta på kurs innan flugefiske, kan deler av denne oppvisninga vere eit godt utgongspunkt før du bestemmer deg. 

Eg kan tilby demo - oppvisning i:

1. Kasting med flugestong.

2. Ørretfiske med flugestong.

3. Flugebinding.

4. Kobinasjon av 1-3 om det er ynskjeleg.

Oppvisning 1.

Oppvisninga føregår på kastedammen

min. Du får innføring i grunn-leggande kaste- teknikk og oppleve overhands- og spey-kast. Du får også sjå teknikk som gjev lange kast på over 30 meter.

Oppvisning 2.

Du får oppleve korleis ørretfiske med fluge vert

gjennomført. Passer det, vil deltakarane få vere med å lande fisken.


Du får sjå og lære om oppførsel under flugefiske.

Du får kort innføring i fiskeetikk. Eg garanterer ørret på land under normale forhold.

Oppvisning 3.

Du får sjå ein profesjonell flugebindar i aksjon.

Du får sjå korleis ørret- og laksefluger vert bundne.

Flugene som vert laga under oppvisninga, vert trekte

ut og delte ut på dei frammøtte som eit godt minne.


Flugebinding og kasting med flugestong kan lett gjennomførast i ei økt om det er ynskjeleg. Ta kontakt, så kan det meste tilpassast dine ynskje.

Kor lang tid tek oppvisningane ?


- Kvar oppvisning tek ca. 1 t.


Kor mange kan delta på oppvisningane ?


- Maks. 15 personar.


Kva koster kvar oppvisning ?


Prisar gjeldande frå 01.01.2011


1 - 15 pers. - Kr. 1000,-

Bjarne Huseklepp - Mob. 47606240